Blanda resultat for Stord BTK i eliteserien
Stord bordtennisklubb har vore i aksjon i eliteserien med kampar både borte og heime den siste tida. Det vart ei helg med tøff motstand, mykje god bordtennis – og fleire viktige sigrar. Stord Stilte med følgjande spelarar: Roger Andersson, Thomas Låte, Petter Fleischer og Jan Roger Andersson.
Bortekampen mot Laksevåg BTK i Bergen blei ei utfordrande oppgåve. Trass i god innsats frå Stord-spelarane, måtte laget sjå seg slått av eit sterkt Laksevåg-lag.
Heime på Stord stod det deretter kampar mot Harestua, Notodden, Snarøya og Fornebu på programmet. Her leverte Stord BTK solid spel og viste styrke som lag. Det enda med sigrar mot både Harestua, Notodden og Snarøya – tre viktige kampar som gav 6 poeng og god utteljing i serien.
Mot sesongens sterkaste lag, Fornebu btk blei det eit klart 0-6 tap.
Stord ligger foreløpig på ein solid 4. plass i serien, og kjempar vidare for ein plass i sluttspelet.
Alt i alt tek Stord BTK med seg mange positive prestasjonar vidare, og laget viser at dei kan hevda seg godt i eliteserien. No handlar det om å byggja vidare på det som fungerer, og vera klare for nye utfordringar i dei neste rundane.
