Eliteserien på Stord

Til helga er det klart for toppbordtennis for Stord BTK, med både bortekamp og heimekampar i eliteserien i bordtennis. Med fleire viktige oppgjer på programmet ligg alt til rette for ei spennande bordtennishelg.

Fredag kveld tek Stord BTK turen til Bergen, der dei møter Laksevåg BTK i bortekamp kl. 18.00. Denne kampen vert ein viktig start på helga før laget vender heim til Stord.

Heime i gamlehallen på Stord ventar det deretter fire eliteseriekampar. Stord BTK ligg no på 6. plass av 8 lag, og kvar kamp vert viktig i kampen om poeng og ein betre tabellplassering. På heimebane skal Stord møta:

Harestua BTK - Laurdag kl 12.00

Notodden BTK - Laurdag kl 18.00

Snarøya BTK - Sundag kl 11.00

Fornebu BTK - Sundag kl 14.30

Eliteserien byr på høgt tempo, sterke duellar og mykje kvalitet, og publikum kan venta seg underhaldande kampar gjennom heile helga. Stord BTK håpar mange tek turen til gamlehallen for å støtta laget og skapa god stemning på tribunen.

Publikumsinngang inn via Bordtennishallen og opp trapp til gamlehallen.

Vel møtt til eliteseriebordtennis på Stord!

Forrige
Forrige

Blanda resultat for Stord BTK i eliteserien

Neste
Neste

Seriespel 2. divisjon startar i helga