A.I. tok vår einaste klassesiger i Fjell Cup sundag

Ja det stemmer det, eg vant ein uhyre jevn finale i veteranklassen mot Thor Gunnar i går. Det veksla veldig i kampen, som faktisk samla litt publikum, underholdningsverdien var vel høg, og kommentarane satt laust. Me måtte heilt opp i 17-15 til meg etter at Thor Gunnar hadde 10-8 i 5.sett. Eg sleit også mot Keegan i semifinalen, ikkje lett å spela mot denne antien hans, så me tok altså 3-dobbelt i "gamleklassen". Tommy spelte seg fram til finalen i elite, medan eg sjølv tok tredjeplassen , me tapte begge for Johs. Bratlie, Fjell som vant ein fortjent siger i denne klassen etter bra spel i helga. Kan nevna at eg også slo Morten for fyrste gong på lenge...Håpar jo at "klubb-ukken" har merka seg framgongen no fram mot eliteserien til helga, og snart er da NM på Stord, eg seie ikkje meir. For dei som ikkje veit da, har eg jo skifta ut "Lada" racketen, og spelar no med Porsche, og det e hææli som Ånen ville sagt.
Våre 2 yngre spelarar mini A.I.(Abbi) og T.I.(Thomas) spelte også veldig godt sundag. Dei jobba veldig bra i kampane med fint og offensivt spel, og blei belønna med kvar sin 3.plass. Asbjørn i 15 åg og Thomas i 13 år. Me hadde også med 3 nybyrjarar, Henrik Pedersen og to unge og håpefulle debutantar, Andrè Bjelland( 7 år) og Adrian B. Strand(8 år)( som rett nok spela for Haugesund) Dei gjorde alle ein fin innsats, og fekk med seg kvar sin flotte premie for innsatsen.
Det kan bli litt av eit dobbel par om noken år denne kombinasjonen Bjelland/Strand, ser for meg foreldrene i sving på benken...

Oppdatert : 07.02.2005

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002