Stord klar for semifinale i lag i junior NM

Stord(Hallvard,Torstein,Ola Ingar) har vunne 5-3 mot B-72 2 og 5-2 mot Bøler og er klar for semifinale mot Fokus 13.00 Mot B-72 sitt 2. lag spelte Ola Ingar best og vant alle 3 kampane mot Thomas Sannes,Aleksander Rønning og Mathias Borgersen. Hallvard tapte for Mathias Borgersen, men kom sterkt tilbake og vant dei 2 andre. Torstein fekk det som venta tøft i denne kampen og tapte sine 2. Mot Bøler var det Hallvard som var best, og spelet var også betre, han vant alle 3 kampane mot Achemd og Azis Chaer + ein til. Ola Ingar var litt ute å køyra, men tok seg fint inn og vant begge kampane han spelte. Torstein tapte begge 2 mot Chaer brødrene, men spelet var no mykje betre, og han tok 1 sett, samt fleire jevne. Semifinalen går kl.13.00 mot Fokus som er klare favorittar. Dei stiller med Jonas Nilseng,Sjur Pettersen og enten Lars Erik Espedalen eller Kim Gustavson. No er bronsemedaljen sikra, og me kryssar fingrane for ei bomba i semifinalen
Oppdatert : 17.04.2004

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002