Roger gjekk til topps i Stavanger Open under Siddistreffen i helga og vart kr 10.000,- rikare. Roger stod over eliteklassen laurdag, men kom sterkt igjen sundag. Han slo ut 4 gode utlendingar på veg mot finalen. Finalen vart ein god kamp med høgt nivå då han slo Volda og Ørsta sin Mate Moricz 4-3. Steffen Salomonsen tok seg greit til finalen, der vart Volda og Ørsta sin Zsolt Berecki for sterk. Thomas Låte tok 3. plass i gutar 14 år, 5. plassar i gutar 13 år og herrer junior. Splte bra til tider, men med ny racket er det for lite med to treningar før den sitter. Sjølv om det ikkje vart like gode plasseringar som under første NC, så var det godkjent. Jan Roger Andersson tok 9. plass i gutar 14 år, men hadde fleire sterke sigrar, spelar veldig bra på det beste, men må bli tøffare. Oppdatert : 05.12.2014