Oppsummering NM yngre

Her kjem oppsummering frå NM for yngre, me tar dag for dag og startar med den store dagen fredag då det blei sølv i gutar lag.
Laget frå venstre:Morten Stokke, Atle Irgens(lagleiar), Jan Roger Andersson, framme Thomas Låte.
Det var 32 lag påmeldt og mange gode og jamne lag i år. I 1. runde blei det grei 3-0 siger mot Skodje. I 2 runde møtte me eit sterkt Fornebu lag. Dei valgte å setja ned sin nr 2 i håp om at han slo Jan Roger, samt at Sondre Berner tok to kampar. Dette ville ikkje Jan Roger ha noko av og spelte sin beste kamp i NM då han satte Aksel Kristiansen på plass med 3-0. Morten og Thomas vant greit mot nr 2, Morten var også nære mot Sondre Berner(9-11 i 5.sett) I kvartfinalen var motstandar Kobra, her blei det 3-0 siger. Morten var veldig ustabil mot Markhus Bergaust, vinner 11-3 og 11-0, men må ut i 5. sett, ligger under med 2-5 der før han ror det i land. Thomas vinner greit 3-0 mot Eirik Haug. Jan Roger møter nubber og blir passiv, taper første sett enkelt før han ror det i land.
Molde var motstandar i semifinalen, og dei var klare favorittar mot oss. Første kamp Thomas mot Andreas Sporsheim, Thomas tapte enkelt 0-3 under NC i januar, kjem under 0-2 her, men kjempar seg fint inn i kampen, men tapte 5 sett 8-11. Neste kamp er Morten mot Even Horvli, Morten vinner første, men taper dei to neste, det ser mørkt ut, men Morten snur meisterleg og vinner kampen 3-2. Jan Roger mot Knur Are Karlsson, me trudde Jan Roger skulle by på kamp her, men spelestilen til Karlsson passa ikkje Jan Roger og det blir 0-3. Så er da Morten mot Andreas Sporsheim, ein spelar Morten har tapt for dei siste gongane. Det blir ein svært spanande kamp, der Morten spelar meisterleg taktisk på slutten og drar i land det 5 settet med 11-9 etter å ha lege under 8-9. No er me plutselig med i kampen, Thomas skal ut mot Even Horvli, ein spelar Thomas slo ein gong og tapte for ein gong under NC i januar. Første sett blir ulidelig spanande (med live oppdatering på facebook!!!), Thomas taper 15-17, vinner dei to neste, og i siste sett er da ingen tvil, 11-4 til Thomas og Stord er overraskande klar for finale mot Fokus. Alt no er bonus, dei fleste reknar med enkelt 3-0 til Fokus. Første kamp, Morten mot Mats Hoel, to jamne sett og det er 1-1 før Morten taper klart dei to neste. Thomas spelar så mot Jakob Kvanvig(ein spelar som Thomas sjølv meinte han ikkje hadde sjanse mot...) Første sett enkelt til Thomas, klart tap i andre før Thomas vinner to jamne sett og 1-1 i lagkampen. Jan Roger mot Edvard Stokke Brandtzæg, Jan Roger overraskar stort og spelar to jamne sett,1-1 før han taper dei to neste. Morten mot Jakob Kvanvig, Morten spelar stort og vinner enkelt 3-1. 2-2 og Thomas skal ut mot Mats Hoel, dette blir hardt, men Thomas spelar godt og utliknar til 2-2, får ein dårlig start i 5. sett, ligger under 2-6 og 3-8, før han plutselig snur til 8-8, no er da match. Uheldigvis bommar Thomas på egen serve på 8-9, men kjempar godt og får 9-10 før Mats Hoel vinner etter ein god ballveksling.

Litt irriterande når det var så nære, men spelarane kan vera stolte av sølvet, dei spelte utrulig bra, og oppførte seg som eit lag, backa kvarandre veldig godt opp, alt dette gjorde at det blei ein flott sølvmedalje. Det blei ein lang dag i hallen, me var ikkje på hotellet før 22.30 og så var det mat og i seng alt for seint egentlig for dei som skulle vera i hallen kl.08.00 dagen etter
Oppdatert : 29.03.2014

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002