Aktivitet siste veker

Me har vore på senior NM der me dominerte herreklassane, me har vore på Norheimsund Open/Regionsmeisterskap og sist helg serierunde i 1.divisjon i Bergen.
NM for senior gjekk i Fornebuhallen med Fokus som dyktig arrangør. Me gjorde eit svært godt NM, siger i lag første dag, der me slo Laksevåg i finalen. Geir Erlandsen, Roger Andersson, Thomas Irgens, Tommy Urhaug og Atle Irgens spelte på laget. Roger og Geir forsvarte fjorårsgullet i dobbel etter finalesiger over Espen Rønneberg/Lars Rønneberg, Laksevåg i finalen. Roger tok eit nytt NM gull, då han i lag med Christine Mettner, Fjell forsvarte gullet frå i fjor. I single var Geir nære på å ta eit nytt NM gull, men tapte ein jamn finale for Istvan Moldovan, Modum etter å ha leda 9-6 i 7.og avgjerande sett. Roger tapte i kvartfinalen, 2-4 for Espen Flaglien, Fokus etter å ha leda 2-0. Både Georg Selsvold og Thomas Irgens tok seg vidare frå innleiande puljespel.
I funksjonshemma klassar blei det to gull, Tommy Urhaug vant som venta sitjande klasse, og Steffen Salomonsen tok gull i funksjonshemma open eldre junior single. I open klasse blei det sølv på Tommy og bronse på Steffen. Steffen tok gull i ståande single og i ståande dobbel saman med Sverre Valderhaug, Bergen HIL



Under Norheimsund Open som også var regionsmeisterskap, tok Roger Andersson som venta gull i herrer elite. Det blei 4-dobelt Stord, då Tommy Urhaug tok sølv, medan Raymond Espenes og Atle Irgens delte bronseplassen. Thomas Låte tok to regionsmeisterskaptitlar, då han ganske greit vant både gutar 13 år og gutar 15 år. Thomas tapte kun eit sett, og det var i finalen i 15 år mot Jack Feng, Hardanger.
I herrer B gjekk Raymond Espenes heilt til topps, medan Atle Irgens tok 3. plass

I helga var det serierunde i 1.divisjon mot Heros og dobbelkampar mot Laksevåg 1 og Laksevåg 2. Me valgte å spara våre beste mot Laksevåg 1, og lot våre unge lovande Thomas Låte og Jan Roger steppa inn i lag med Atle Irgens, greit at disse spelarane får kjenna litt på nivået blant dei noken av dei beste spelarane i landet. Målet for helga var 4 poeng, og det greidde me med glans, då Laksevåg 2 blei slått enkelt i begge kampane. Me var også nære poeng mot Heros, men tapte 4-6. Våre spelarar gjorde alle ein god innsats og viste fin oppførsel ved bordet, det kan me ikkje sei om den eine Laksevåg sin spelar, samt lagleiaren til Laksevåg.
For enkeltresultat sjå på forbundet sine sider under seriespel
Oppdatert : 18.03.2014

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002