NM for senior i helga

I helga er det NM for senior i Arendal og Stord BTK stiller med 8 spelarar.
Geir Erlandsen skal prøva å forsvara kongepokalen frå i fjor. Geir har imponerande 11 kongepokalar frå før, og det spørst om ungdomen kan hamla opp med han i helga. Roger Andersson er rapportert i god form og vil også kunne hevda seg heilt i toppen. Det samme kan Geir og Roger i dobbel. Fredag er det lag og med Geir og Roger på laget prøver me å forsvara NM gullet frå i fjor, men det er mange harde utfordrarar.
I funksjonshemma stiller sjølvsagt Tommy Urhaug opp, men ikkje i sitjande, der han er einaste påmeldte. Han må difor prøva seg i open klasse. Blir og spennande og sjå kva dei to debutantane i senior funksjonehemma, Steffen Salomonsen og Jan Roger Anderssonn kan få til. Dei skal også spela eldre junior funksjonshemma.
Disse deltek frå Stord BTK:
Geir Erlandsen,Roger Andersson,Thomas Irgens,Tommy Urhaug,Atle Irgens,Morten Kleven,Steffen Salomonsen,Jan Roger Andersson
Dei som er heima kan følgja meisterskapet her:
Live oppdatering: http://resultat.ondata.se/000050/
Live TV sending her: www.bordtennistv.com/
Oppdatert : 28.02.2013

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002