Klubben har fått kr 37.000,- til oppgradering av klubblokalet frå Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad. Morten Kleven var på Husnes og tok i mot gåva, og heldt samtidig ein takketale på vegne av klubben, flott gjort Morten ! Me har fått pengar til bl.a. innkjøp av projektor, PC, skrivar,scanner,kopimaskin, varmeovn,fryseboks, samt ein del materiell til det elektriske og til eit lite lagerrom i hjørna på hallen. Me satsar på å få gjort alt ferdig i løpet av januar. Då kan me ha masse klubbkveldar og sjå på gamle bordtennisopptak på nytt lerret. Oppdatert : 20.12.2012