På laurdag hadde me vår årlege sommarcup. I tillegg hadde me trening både fredag og sundag. Thomas Låte(bildet) vant den eine klassen. På sommarcupen var det 16 deltakarar. Dei 8 beste spelte i herrer elite, dei andre spelte i herrer D. Det var puljespel i begge klassane og både A og B sluttspel. I elite vant Atle etter ytterst knepen siger mot Morten S.(12-10 i 5.sett) I herrer D vant Thomas Låte, også her blei det 3-2 i finalen mot Andreas Skjelnes. Thomas har trent godt i det siste og fekk god uttelling i helga. Etter single blei det trekt dobbel, der ein frå elite spelte i lag med ein frå herrer D. Her blei det mange jevne kampar, og til slutt vant Atle Irgens/Njål Tore Bakke 3-2 mot Dag Hinrischn/Thomas Låte i finalen. Resulat: Herrer elite: 1. Atle Irgens, Stord 2. Morten Stokke, Stord 3. Jack Feng, Hardanger 4. Håvard Markhus, Hardanger
Herrer D: 1. Thomas Låte, Stord 2. Andreas Skjelnes, Stord 3. Sverre Valderhaug, Bergen HIL 4. Brage Titlestad, Bergen HIL