4 klassesigrar til Stord i Norheimsund Open

Raymond vant herrer open, Thomas vant herrer jr og gutar 15 rå, Atle vant herrer B.
Vinnaren Raymond på bilde, men Nils Arne i bakgrunnen
Her kjem litt om kvar spelar som var med i dag:
Raymond Espenes: Har hatt ein gledelig fin utvikling sidan comebacket og vant fortjent herrer open i dag, med 3-2 siger over Øystein Strand,Haugesund. Rymond taper semifinalen i herrer B for Keegan.
Thomas Irgens: Vinner alle kampane i dag og går til topps i herrer jr og gutar 15 år. Har litt problemer med Sverre Hartveit, der han ligger under 0-2, men tar seg fint inn igjen, resten av kampane går veldig greit.
Kenneth Vika: Veldig gledelig at Kenneth blir med på stevner, han er Stords beste golfspelar, men ynskjer også å driva litt med bordtennis. Har hatt fin framgong, vinner i dag mot Christine Andersen,Bergen HIL og det er bra. Kenneth er også veldig flink til å sparra med dei yngre i klubben.
Ingvar Rafdal: Spelar bra i gutar 13 år, kjem til kvartfinalen der han spelar godt mot Sverre Hartveit,Heros og vinner nesten eit sett. I pulja pressar han også Christian Bakke til 5 sett. I gutar 11 år blir det også tap i kvartfinalen, denne gong for Marie Hartveit,Heros i ein svært jevn 5-sett kamp(9-11 i siste sett) Ingvar var ikkje heilt nøgd med 5.plass, han følte seg litt usikker på loopen i dag. Det er små marginar, og Ingvar taper for ein god spelar. Må jobba med sikkerhet.
Erik Saue: Spelar også bra, går ikkje vidare i frå pulja i gutar 13 år, taper ein svært jevn kamp for Alexander Norheim og tar også sett mot Sverre Hartveit. I gutar 11 år spelar Erik seg fram til semifinale etter bl.a. å ha vunne ein god kamp mot Marie Hartveit i pulja.I semifinalen blir det 1-3 tap for Erlend S.Liland,Heros. Erik blei litt passiv i denne kampen, men samtidig spelar Erlend veldig godt. Ein fin 3.plass på Erik. Må jobba med rytmen i spelet
Tony Gbelle Forkpa: Er nesten på heimabane då han spelte for Noheimsund før, får det som venta litt hardt i gutar 13 år, i nybyrjarklassen spelar han godt,går vidare frå pulja, og spelar seg tilslutt fram til kvartfinalen. Med ny racket snart, så kjem framgongen til å koma enda meir. Må jobba meir med backhand.
Marius Salomonsen: I 13 års klassen blir det som venta litt for hardt, Marius møter spelar som har spelt lenge her. I nybyrjarklassen får Marius ei hard pulje, der bl.a. vinnaren av klassen er, men Marius spelar brukbart, han har fått mykje betre konsentrasjon i det siste. Må trena meir på å bli sikrare, samt på loop.
Steffen Salomonsen: Spelar bra i nybyrjar og vinner 2 av 3 kampar og går vidare til sluttspelet, spelar seg så heilt fram til semifinalen, og ein fin 3.plass, bra ! Får ei litt for hard pulje i 11 år. Må trena på konsentrasjonen, samt bli sikrare i alle slag
Anne-Margrethe Leirvik: spelar bra i dag og slår Marie Hartveit og også Linn C. Gjelseng i 13 år, taper for Pia Dyrkolbotn, blir nr.3 på eit sett mindre enn Pia. Spelar også bra i 15 år, men taper no for Linn C.Gjelseng. Må trena på å vera litt meir avslappa, samt prøva å få til loopen

Atle: vinner herrer B med siger over Øystein Strand i ein ikkje altfor god kamp, spelar jevnt med Arve Skogen i veteran, men taper semifinalen klart mot Morten Bendiksen
Må ikkje trena på noko..., men kan sikkert ha godt av litt styrketrening i beina, sånn at han kanskje klarar å bevega seg litt meir.
Nils Arne Stuve: Er på utlån til Norheimsund for å hjelpa dei i serien. Spelar ein god kamp mot Raymond i elite, leiar 2-1, men det held ikkje heilt inn, tapar for Vegard Ljones i herrer C Må trena på: Rett og slett på å koma meir på trening.
Ellers eit bra arrangement av Norheimsund med Andy,Hubben og Dronningo i spissen. Alltid veldig kjekt å koma til Hardanger for å spela bordtennis
Oppdatert : 27.10.2007

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002