3.plass til Espen i jr i nord europeiske i Estland !

Espen tok ein sterk 3.plass i juniorklassen etter ein svak start, 5.plass til Hallvard i gutar og 10.plass til Kristoffer i junior.
Det vart ikkje spela rein cup i denne turneringa, og det redda Espen frå å bli slått ut i 1.runde. Her var det sånn at ein spela cup der ein kåra vinnar og nr 2, medan alle andre fekk ein sjanse til om dei hadde tapt ein kamp. Altså eit litt uvanlig system for oss, men det kan nok virka litt meir rettferdig, då du kan ha ein dårlig kamp og allikavel bli nr 3 som Espen blei. Kristoffer spelte seg fram til semifinalen i innleiande, men spelte dårligare i sluttspelet og rauk ned til 10.plass. Martin Røste blei forøvrig nr 2 i junior.
Hallvard spelte seg fram til semifinalen i innleiande runde guteklassen, der han tapte for den klare einaren Olah Benedek,Finland. I vidare plasseringsspel vant Hallvard 1 kamp før han tapte for Johannes Bratlie, og enda på 5.plass. Johannes Bratlie tok bronsemedalje.
Lagklassane er også i gong, i junior vant Norge alle kampar i innleiande pulje,Norge-Sverige 3-0,Norge-Estland II 3-0 og Norge Lithauen 3-1. Norge møter Danmark og Finland tirsdag. I guteklassen er Norge også ubesigra etter: Norge-Latvia 3-0 og Norge-Estland III 3-0. Norge har også sigra 3-2 mot Finland i sluttspelet og i morgon ventar Lithauen og Estland
Oppdatert : 20.06.2006

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002