Eliteserie og 1.divisjon i helga, og me satsar på Tommy på idrettsgallaen på Hamar

Det er full runde i eliteserien på Modum, og i 1.divisjon er det to kampar i Bergen.
I eliteserien møter Stord BMK og B-72 laurdag og Fokus og Modum sundag. Espen og Kristoffer har vore i Kina og kom heim torsdag i lag med vår nye kineser, og det blir spennande å sjå om dei har komt til hektene etter mykje trening, lang reise og tidsforskjell. Me får håpa at dei ikkje er svekka av dette. Blir det siger mot BMK skulle sluttspelet normalt sett vera sikra, men me satsar på å ta fleire poeng enn det. Vår nye kinseser, Zhu Yinahui skal vera betre enn han me hadde før jul, så då bør han gå ubesigra gjennom norsk eliteserie.
I 1.divisjon slit me med mannskapsmangel, nokre er på jobb i Hammerfest, medan Tommy som nevnt er på Hamar i forbindelse med idrettgallaen. Derfor er Atle henta opp frå 2.divisjonslaget for å få litt fart på resten av laget som er Carsten,Mona og Thor Gunnar.
Oppdatert : 06.01.2006

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002